For nokre år sidene fann eg fram alle blyantene mine og teikna nokre rytmiske teikningar med dei. Desse har vore liggande sidan. No når eg har eit prosjekt som har arbeidstittel ‹Alt mitt› gjentok eg prosessen med nokre nye teikningar
Tekstilfestivalen i Leiden 12. til 15. mai 2021 er ein festival planlagt i 2020. På grunn av covid19 vart festivalen utsatt til 2021 og tilslutt omgjort til eit delvis digitalt arrangement.
40 år – 40 kunstnarar, jubileumsutstilling Sunnfjord kunstlag
17. – 25. oktober 2015 i Førdehuset Sunnfjord Kunstlag har invitert 40 kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane for å feire 40 år som eige kunstlag.
Med utgangspunkt i eit foto (skog) som eg har ‹grovpiksla› og bearbeida i prosessen slik at tekstilen framstår som nonfigurativt, men som ein på avstand kan skimte utgangspunktet/skogen.
KUR-samarbeidet vårt vart ein gong starta ved at gruppa leita etter eit fellesrom i Førde sentrum. Samarbeidet vart avslutta med at vi såg på Førde… Vi fotograferte, snakka og utveksla tankar om Førde og dei ”uvesentlege” mellomromma. Foto frå denne seansen vart ei tankemessig avslutning på KUR som kunstprosjekt.
Denne gongen spente vi opp eit fiskenett som dekka heile vindauget. I fiskenettet vevde vi inn lett tilgjengeleg materiale som t.d. ”strips”, plastrestar o.a.
I den andre vindaugeutstillinga brukte vi kleshengarar frå ein nedlagt butikk i området og laga ein komposisjon med desse i vindauget. Oppslag i avisa Firda.
Tradisjonen tru markerte vi også dette året kvinnedagen med eit kunstprosjekt. KUR har vore opptatt av ledige butikklokale og tomme butikkindauge i Førde sentrum. Vi starta no med ein serie vindaugeutstillingar. For å illustrere den stereotype kvinneframstillinga i samfunnet stilte vi ut litt defekte utstillingsdokker 8. – 16. mars 2014.
Annonseprosjekt i samarbeid med lokalavisa Firda. I samband med stemmerettsjubileumet 2013. I ei lita veke kring jubileumsdato 10. juni i år trykte avisa annonser som KUR hadde funne fram i ulike trykksaker ca kring 1913.
Vi arbeidde med tekstar som kunne knytast til stemmerettskampen og kvinner sin situasjon kring 1913. Tekstane blei presentert på 3 store banner plassert på større bygg i Førde sentrum og vart avduka på kvinnedagen.
Ved å studere og prøve ut ein prøvelapp frå boka ‹Teknologisk forlags store håndarbeidsbok› har eg komme fram til ei enkel strikka form som kan brukast som bordpynt/bordskånar.
Dette er ei gruppe med ‹Tekstilformer› laga i 2012. Dette er arbeid eg lagar i ‹mellomtida› mi… Når eg treng å tenkje. Ulltråd, nål og ullremser – og ein roleg plass.
Designernes eget julemarked (DEJM) er eit privat tiltak og eit tilbod for ein designar eller kunstnar å få vist fram og selt originale handlaga design. Marknaden er juryert etter kriterium om å gje marknaden eit godt og variert utval av produkt.
Tre arbeid i serien ‹Figur til trøst› er med på ‹The 7th International Biennal of Textile Miniatures›, ‹Vanich/Survive›, 2011. Utstillinga vert arrangert av ‹The Lithuanian Artist‘s Assosiation‘s Gallery Arka, Vilnius.
Det tekstile biletet ser tilsynelatande figurlaust ut, men etterkvart vil ein kunne oppfatte og tolke biletet slik at ein får ei fornemming om kva utgangspunktet er. – trådar på eit svart bord…
På 30 års Dette året hadde ‹Vevringustillinga› 30. års jubileum og inviterte alle kunstnarane som har delteke på tidlegare utstillingar. 130 kunstnarar deltok og mange bygningar i bygda vart brukt som utstillingslokale.
‹Tekstile uttrykk i samtidskunsten› vandreutstilling arrangert av Norske Tekstilkunstnere i samband med 25 års jubileum, 2006-2007. Utstillinga skal vandre i 4 europeiske land; Lithuania, Estonia, Latvia and Bulgaria.
Arbeida som kom med på Trienale -06; tekstil – fiber – lær, vil også verte vist på denne utstillinga i Göteborg, Röhsska Museum for Design og Kunsthåndverk.
På ei utstilling i 2005 laga eg ein vegginstallasjon med tittel «Akvarelløvingar». No er akvarellane relansert som sjølvstendige verk og vert vist på utvalde utstillingar.
Eg har alltid late meg inspirere av mi nære fortid og det som har hendt meg. Eg søkte kjolestoff, men har ikkje hatt mange sjølv… Dette er mor mi sine tre kjolestoff og eit gardinstoff frå same stad…
This work is intended for public decorations. In addition to being a piece of decoration, it is intended as a sound absorbing object in the room/at the wall.