Innlegg frå kategorien ‘Ymse’

© Audgunn Naustdal Holsen / BONO. Foto: Oddleiv Apneseth.

MØNSRTING er ei medlemsutstilling for dei to kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane: Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og Norske Kunsthandverkarar Vest-Norge, avdeling Sogn og Fjordane (NKVN). Til saman har 35 kunstnarar meldt seg på utstillinga i 2021. Av det innsende materialet har kurator sett saman utstillinga som viser eit tidsbilete på kunstscena i regionen no.
Utstillinga varer frå 13.mars 2021 til 25.april 2021.
KURATOR: Eirin Malund Svendsen

Eg deltek med to verk; ‹DANS› og ‹OPPSAMLING›

‹DANS›, 2020, kjolestoff, streng og brenneslerøter, 4 stk element, a ca 25 x 20 x 15 cm, foto Audgunn

‹OPPSAMLING›, 2018-2020, Tekstile restar, lim og knutar, hekla element mm, ca 3 x45x30 cm, foto Audgunn.

‹Kvit tilstand›/‹From the beginning to the end›, 2019, 45x42x10 cm, tekstiltråd, trepinnar, strikketeknikk

Detalj av ‹Kvit tilstand›/‹From the beginning to the end›, 2019, 45x42x10 cm, tekstiltråd, trepinnar, strikketeknikk

På denne tid skulle tekstilen min, ‹Kvit tilstand›/‹From the beginning to the end›, stillast ut på ‹TEXTIELFESTIVAL 2020 X LEIDEN› i Nederland. Festivalen er utsatt til 2021 pga korona-pandemien og vil bli gjennomført i 2021 med dei same kunstverka og kunstprosjekta. Alle arbeida som skulle stillast ut er alt på plass i Leiden, og må lagrast der til neste år. Tema for festivalen/utstillinga er ‹Points of the compass›.
Det er ‹Foundation for Textile Information and Documentation Center› (STIDOC) som arrangerer festivalen på 6. året på rad. Tekstilfestivalen vil finne stad i eit unikt historiske sentrum av Leiden. ‹Pieterskerk vil være festivalens ‹hjarte› med meir enn 3500 m2 utstillingsareal.

Sunnfjord Kunstlag arrangerer kvart år ei medlemsutstilling for medlemmar i Sunnfjord Kunstlag som siste utstilling i utstillingsåret. Utstillinga er open for både profesjonelle og amatørar. I 2019, vart utstillinga arrangert i Førdehuset frå 28. novemger til 8. desember. Eg deltok dette året med 4 arbeid; 2 broderi ‹Rød skog› 2 og 4 og 2 ‹Tekstiltrykk› 1 og 2.

‹Rødskog›, detalj, strameibroderi,korssting,ulltråd

‹Dialog / Dialogue› 1, 2 og 3, 2016, a 20×20 cm, Silketrykk og broderi på lin.

‹Small Talk›, 2014, 20×30 cm, embroidery, patchwork
seam, cotton canvas…

‹Small Talk›, 2014, 20×30 cm, embroidery, patchwork seam, cotton canvas…, detail

‹Small Talk›, 2014, 20×30 cm, embroidery, patchwork seam, cotton canvas…, detail

På utstillinga » Eit berekraftig utopolis ?» i Galleri Salhus, Norsk Trikotasjefabrikk dukka Fondet for Norsk Kunsthandverk opp og gjorde innkjøp av verket «Smalltalk». Dette er eit lite tekstilarbeid som har eit samanlappa botnstoff som det er brodert og applikert vidare på. Tittelen passar godt til måten det er laga på og motivet mitt for å lage det.

‹Tråd III› a,b og c, tekstiltrykk/materialtrykk, ca 36×36 cm i ramme 42×42 cm, pigmenttrykk på bomullsateng.

Sunnfjord Kunstlag inviterer ein gong i året alle medlemmane i kunstlaget til å stille ut saman. I år var utstillinga frå 24. november til 2. desember i utstillingsalen, Førdehuset.

 

Utstilling for kunsthandverk og biletkunst av organiserte kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Mønstring vert arrangert kvart tredje år ved SFKM i Førde. Utstillinga har ein lang tradisjon og har gjennom åra vore organisert på fleire vis, men målet har vore det same: Å gje dei regionale kunsthandverkarane og biletkunstnarane høve til å syne kva dei arbeider med og såleis gje eit bilete av kva som går føre seg i det regionale kunstlivet.
Det har i år vore fri innsending for alle kunstnarar som er medlem av Norske Billedkunstnere-SF og Norske Kunshåndverkere Vestnorge-SF. Alle som har sendt inn nye verk har fått med minst eitt verk i utstillinga. Kunstnarane Vilde Jensen Hjetland og Arild Bergstrøm har fungert som jury (begge sit i Kunstfagleg råd ved SFKM).

Opning ved forfattar Sivert Nesbø. Musikalske innslag ved Kåre Sandvik.

Katalog

Sjå meir