Rekonstruksjon av stoff til ermeopplut

For 20 år sidan rekonstruerte eg dette stoffet etter ein gamal ermeopplut frå Kjelsnes i Jølster. Når ein skal rekonstruere eit mønster frå eit plagg er det ikkje sikkert at ein finn heile flatemønsteret på stoffet som er brukt i plagg. Og kanskje finn ein ikkje mønsterrapporten heller. Slik var det med dette trykte stoffet. Då må ein tenkje seg til eller konstruere mellomromma… I dag har eg trykt opp nye stoff som skal brukast til ermeopplutar til ei rekonstruert folkedraktdrakt. Slike svarte trykk på ullstoff er funne mange stadar i landet også med eksakt dette mønsteret. Stadar ein har funne dette stoffet brukt er Søgnesand og Kjelsnes i Jølster (Sunnfjord Museum), Hardanger (Agatunet), Stalheim Hotell og Valdres Folkemuseum. To andre mønster (svarttrykk på ull) er funne i Jølster (Sunnfjord Museum). Mønster eg har rekonstruert er funne på ermeopplut, maljeklut/maljestykke og erme på barneopplut. Andre mønster er også brukt på barneluer. På desse opplutane er det brukt gylte sølvborer/sølvborer (band). Desse banda er omtalt i kjelder frå siste halvdel av 1700-talet. Dei gamle trykka er trykt med treblokker (blokktrykk). I mangel av god nok trykksverte til ull er desse trykt med silketrykk og moderne pigmentfargar. Takk til  Bunadsnemda ved Sunnfjord Ungdomslag; Aud Sunde, Ann Lundekvam og Bodil Myklebust.

Sjå meir…

ARKIV