Akvarell er maling med fargestogg blanda med mykje vatn. Dette har eg arbeidd mykje med i forhold til tekstil. På skulen brukte vi same fargestoff til utarbeiding av skisser på papir. Papir og bomullsstoff er nesten det same. Det var i ein hektisk periode med separatutstilling at eg spora av med akvarellar. Å helle flytande fargestoff på papir, ha akkurat passe helling på brettet, føre fargen nedover ei form og suge opp dammen nedst til slutt med penselen. Eksemplarisk og fascinerande. På separatutstillinga mi i Kunstsenteret Førdehuset laga eg ein vegginstallasjon med «Akvarelløvingar». No er akvarellane blitt sjølvstendige verk og vert vist på andre passande salsutstillingar.