ELVEKANTEN NÆRINGSPARK, Elvevegen 13, Førde, gjennomgangshall ved bruktkledebutikken ‹Poden & Boden. Nymontering av ‹Tre kjolar og ei garden› frå separatutstilling i Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kunstsenteret i Førdehuset, 2005, kjole-/gardinstoffsirklar montert på vegg med reversibel montasjelim.
Mål 190×290 cm.
Tid: 12. januar – 9. februar 2024.
‹ALT MITT› er eit retrospektivt prosjekt som skal gjennomførast i 2024. Tanken er å gå gjennom det tekstile materialet mitt og presentere dette i andre omgjevnadar enn i ‹gallerirommet›. Dette kan vere ferdige tekstilar, tekstilmateriale eller omdanna tekstile verk. Dette vil eg presentere på ny og samtidig måte for 2024. Det fyrste prosjektet i 2024 er remontering av ‹Tre kjolar og ei gardin› frå utstilling i Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kunstsenteret i Førdehuset, 2005. Plassen er ved bruktbutikken ‹Poden og Boden› i nye Elvekantenbygget, Førde sentrum. Målet er å ta stilling til det tekstile materialet mitt og finne ut vegen vidare for meg og dei ulike prosjekta mine.
Prosjektet ‹Alt mitt› er støtta økonomisk av Sogn og Fjordane Kunstmuseum/Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane sitt produksjonsstipend frå Bildende Kunstnernes Hjelpefond 2023 og Vestland Fylkeskommune sitt kunstnerstipend 2023.
Takk for praktisk og fagleg hjelp:
Grete Huus, utd.kunstkurator v/KHiB (no KMD).
Takk også til Atle!