Tekstilen ‹Raudt og blått› frå 1993 er no nymontert i ei meir samtidig form. Denne tekstilen har ikke vore vist før i eit offentleg rom, og heller ikke vore ferdig montert før no. Etter 6 punktpresentasjonar i prosjektet ‹Alt mitt› vårhalvåret av 2024, er eg no inne i ein avsluttende fase. No handler det om å montere fleire verk i ein låve i Førde sentrum. Desse vil bli fotodokumentert og presentert på nettsida mi og sosiale media i fyrste omgang.
‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/situasjonen og monteringane vil stå i ca 1 månad. ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa på denne nettsida.
Prosjektet ‹Alt mitt› er støtta økonomisk av Sogn og Fjordane Kunstmuseum/Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane sitt produksjonsstipend frå Bildende Kunstnernes Hjelpefond 2023 og Vestland Fylkeskommune sitt kunstnerstipend 2023.
Takk for hjelp: Atle Holsen.