‹Raudt gjerde› var med på utstillinga ‹MØNSTRING 2018› i Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Dette er montering nr 02 i ein låve i Førde, og del av fase 2 av prosjektet ‹Alt mitt›. Etter 6 punktpresentasjonar rundt om i Førde våren 2024 (fase 1), er eg no i fase 2 og snart komen gjennom ‹alt eg har› i kassar og skåp. Målet er å redusere volum og antal verk som eg vil ta vare på. Korleis redusere volumet utan å kaste vil eg komme tilbake til. Monteringane i låven vil i fyrste omgang bli formidla digitalt.
‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/situasjonen og monteringane vil stå i ca 1 månad (fase 1). ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa på denne nettsida.
Prosjektet ‹Alt mitt› er støtta økonomisk av Sogn og Fjordane Kunstmuseum/Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane sitt produksjonsstipend frå Bildende Kunstnernes Hjelpefond 2023 og Vestland Fylkeskommune sitt kunstnerstipend 2023.