Konkret går ‹Alt mitt ›-prosjektet ut på å opne kasse for kasse i lageret mitt og vurdere kva som får leve vidare som heil tekstil. Tekstilen ‹Kvadratur› har ikkje vore stilt ut før, og det kan tyde på at det ikkje har vore ein aktuell situasjon tidlegare. No måtte den opp på veggen i låven for grundig vurdering, og den stod godt til den gamle og rusta 2CV-en og dei grove veggane. Ein viktig tekstil for meg i prosessen med å sjå tilbake på mi tid som tekstilkunstnar.
PROSJEKTET
Fase 1 – 1. januar – 15. juli 2024
‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/ situasjonen, og monteringane vil stå i ca 1 månad. ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa på nettsida her.
Fase 2 – 15. august – 1. november 2025
Alle punktpresentasjonane vil finne stad på ein låve i Førde sentrum, og vil verte formidla digitalt i fyrste omgang. Mot slutten av prosjektet vil eg ha open låve på eit tidspunkt, og deretter ope etter behov/interesse.
Fase 3 – 1. januar -1. november 2025
‹Det som kjem etter det som var›