‹ALT MITT› på ein låve #6

IMG_9777 kopi
‹Siste stasjon› 2024, samling av ‹det som ikke får lov å vere stort lenger›, ulike standardformat, ulike stofftrykkteknikkar, bomull- og linkvalitetar. Foto: Audgunn
IMG_9910 kopi
Alle som er innom ‹Open låve› får med seg eit stempla utsnitt frå ‹Siste stasjon› 2024. Foto: Audgunn
_20A2534 kopi
‹Siste stasjon› 2024, samling av ‹det som ikke får lov å vere stort lenger›, ulike standardformat, ulike stofftrykkteknikkar, bomull- og linkvalitetar. Foto: Øystein Klakegg
IMG_9789 kopi
‹Siste stasjon› 2024, samling av ‹det som ikke får lov å vere stort lenger›, ulike standardformat, ulike stofftrykkteknikkar, bomull- og linkvalitetar. Foto: Audgunn
IMG_9991 kopi
‹Siste stasjon› 2024, samling av ‹det som ikke får lov å vere stort lenger›, ulike standardformat, ulike stofftrykkteknikkar, bomull- og linkvalitetar. Foto: Audgunn

‹SISTE STASJON› 2024
Det som ikke får lov å vere stort lenger har fått ein ny ‹stasjon› og ny form/nytt format. I kvardagen er det snakk om ulike standardformat, t.d. ulike A-format og ulike Eur-palleformat. Desse skal gjere det enklare å lagre og frakte varer med minst mogeleg volum. Eg har vore så frimodig at eg har ‹lefla› med dette i håp om å kunne plassere det eg har på mindre areal eller med mindre volum. Det finst mange slike gylne reglar i kunsten også, t.d. ‹Det gylne snitt› og ‹Gylne rektangel›. Ved å dele opp store tekstilar/stofflengder i mindre format kjem ein nærare innpå og oppdagar detaljar ein ikkje har sett før i dei store flatene.

I vårhalvåret hadde eg 6 punktpresentasjonar rundt omkring i Førde (fase 1), og no i haust har eg hatt 6 punktpresentasjonar på ein låve i Førde (fase 2). 

1. november er prosjektet slutt og eg kan gå ut av bobla ‹Alt mitt› og inn i neste fase; ‹Det som kjem etter det som har vore›.

Eg vil takke spesielt:
Grete Huus for at ho var med meg i starten av prosjektet.
Øystein Klakegg for etappevis fotografering av prosjektet.
Fleten Dekor for printing av veggtekstar på kort varsel.

I tillegg vil eg takke alle kontaktpersonane i samband med punktmarkeringane rundt om i Førde:
Astrid Berqvam (Elvekanten Næringspark)
Kathrin Stokke (Alti Førde, kjøpesenter)
Anders Haugen (‹Skaparhuset/Hellenesbygget›)
Tore Fossen (Frydenbø Bil)
Grete Øen (Utstillingsmonteren ved Førdehuset)
Silje Tveit Furnes (Scandic Sunnfjord Hotel & Spa)

Torbjørn Berqvam for lån av låven på Toene.

Takk også for økonomisk støtte frå:
Sogn og Fjordane Kunstmuseum/Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane sitt Produksjonsstipend frå Bildende Kunstneres Hjelpefond 2023.
Vestland Fylkeskommune sitt kunstnerstipend 2023.

Takk elles for all respons, omtale, blomar og oppmøte ved ‹Open låve›.

Og til slutt takk til Atle Holsen for hjelp og støtte heile vegen.

‹ALT MITT› på ein låve #6

Det som ikke får vere stort lenger og ‹Siste stasjon› i prosjektet ‹Alt mitt›