SCANDIC SUNNFJORD HOTEL & SPA, Storehagen 2, Førde, gang trapperom ved inngang til Sunnfjordsalen. ‹Brudesjal›, 1998, ulike storleikar, silkegeorgette, silketrykk, stofftrykk. Tid: 14. juni – 14. juli 2024.
I 1998 var nokre ‹BRURESJAL› med på Norske Kunsthåndverkere si Årsutstilling. Utstillinga vart dette året arrangert i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. No er sjala monterte på nytt i korridor/trapperom ved inngangen til ‹Sunnfjordsalen› i Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, og er ein del av prosjektet ‹Alt mitt›.
‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/situasjonen og monteringane vil stå i ca 1 månad. ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa på denne nettsida.
Prosjektet ‹Alt mitt› er støtta økonomisk av Sogn og Fjordane Kunstmuseum/Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane sitt produksjonsstipend frå Bildende Kunstnernes Hjelpefond 2023 og Vestland Fylkeskommune sitt kunstnerstipend 2023.