I dette ligg nesten heile mitt liv. Først umedvite, deretter meir klart i forhold til verdiar og status i samfunnet. Ein arkivar fekk ein gong i hende ei samling med prøvelappar frå ei gamal handarbeidslærarinne. Han fekk då melding om at dette ikkje var noko å samle på. Å høyre dette forskrekka meg. Seinare har eg fått studere materialet som saumlærar Astrid Veiteberg produserte som elev ved Selskabet til Håndarbejdets Fremme i København. I tillegg har eg eige materiale frå saumlinja ved Heimyrkeskulen i Jølster og lærar Kari Eikås. Min fasinasjon ligg i plansjar, eksemplariske framstillingar og grenselaus pirk. Dette er bakgrunnen for denne ‹Gjer det sjølv›-pakken.