‹Neslerotprosjektet› i utstillingsmonteren ved Førdehuset 2024

_20A1684 kopi
‹Neslerotprosjektet› 2012-24, detalj, tankeprosessmontering i utstillingsmonteren ved Førdehuset med mål 145x104x49 cm, neslerøter og tilbakeskodande referanseelement. Foto Øystein Klakegg
IMG_8097 kopi
‹Neslerotprosjektet› 2012-24, detalj, tankeprosessmontering i utstillingsmonteren ved Førdehuset med mål 145x104x49 cm, neslerøter og tilbakeskodande referanseelement.
2024_stordans_ca35x30x40cm-neslerøter_kjolestoff
‹Stordans› 2020-24, detalj, ca 35x30x45 cm, neslerøter som er vaska, skrapa, forma, spjelka og tilført remser med kjolestoff.

FØRDEHUSET, Utstillingsmonteren, Angedalsvegen 5, Førde. Element frå separatutstilling 2005 (små trekroppar og monterane)og eit pågåande ‹NESLEROTPROSJEKT›, tankeprosessinstallasjon, neslerøter forma, spjelka, limt, hekla, vevd m.m. anna tekstilt materiale. Tid 12. juni – 14. juli. Foto: Øystein Klakegg

‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/situasjonen, og monteringane vil stå i ca 1 månad. ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa på www.audgunn.no. 

Prosjektet ‹Alt mitt› er støtta økonomisk av Sogn og Fjordane Kunstmuseum/Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane sitt produksjonsstipend frå Bildende Kunstnernes Hjelpefond 2023 og Vestland Fylkeskommune sitt kunstnerstipend 2023.

Utstillinga i Kunstsenteret 2005

Førdehuset

‹Neslerotprosjektet› i utstillingsmonteren ved Førdehuset 2024

‹Neslerotprosjektet› 2012-24, detalj, tankeprosessmontering i utstillingsmonteren ved Førdehuset med mål 145x104x49 cm, neslerøter og tilbakeskodande referanseelement.