Dette året hadde ‹Vevringustillinga› 30. års jubileum og inviterte alle kunstnarane som har delteke på tidlegare utstillingar. 130 kunstnarar deltok og mange bygningar i bygda vart brukt som utstillingslokale. Eg deltok med veggputene ‹Dialog›. Dette er ei vidareføring av andre veggputer eg har laga tidlegare. I desse veggputene har eg brukt meir eller mindre brukte T-shirt. Desse har eg trykt vidare på i ein dialog med skjortestoffet / utgangspunktet. Sirkelformene fekk ein sjarmerande knekk når eg trekte stoffet på platene. Som bobler som snakka med kvarandre… Det shabby utgangspunktet tiltalar meg. Ein slags estetikk.
Teknikk/materiale: Brukt bomullsjersey, svulmepasta, trefiberplater, dacronvatt, lin til undertrekk, hattestrikk.
Mål: a 35×35, 3×4 stk = 115×150
Nettside til Vevringutstillinga