‹ALT MITT › på ein låve #4

2024_berestykke_tidsmøte_1_IMG_9318
‹Bærestykke/tidsmøte› 2024, ca 150x115 (145) cm, bomullslerret, silketrykk, pigment-tekstilfargar, arvstoff med trykt mønster. Foto: Audgunn
2024_berestykke_tidsmøte_2_IMG_9318
‹Bærestykke/tidsmøte› 2024, detalj, ca 150x115 (145) cm, bomullslerret, silketrykk, pigment-tekstilfargar, arvsteoff med trykt mønster. Foto: Audgunn
2024_berestykke_tidsmøte_4_IMG_9318
‹Bærestykke/tidsmøte› 2024, ca 150x115 (145) cm, bomullslerret, silketrykk, pigment-tekstilfargar, arvstoff med trykt mønster. Foto: Audgunn

Dette er eit resultat av ryddeprosessen ved å gå gjennom lageret mitt av både utprøvingar og ferdige verk. Tekstilen som her fungerer som bærestykke er frå utprøvingar til eit utsmykkingsoppdrag eg hadde i 1990 ved Psykiatrisk Klinikk, Førde. Bærestykket er ein grov og kraftig tekstil, og om eg kunne finne ein passande tekstil saman med dette kunne eg skape eit nytt verk. Valet fall på eit ‹arvestoff› eg hadde tatt vare på, og slik vart tekstilen ‹Bærestykke/tidsmøte› til; tidsmøte mellom mitt prøvetrykk frå 1990 og arvestoffet truleg frå ca 1950 og skapt i 2024.

Fase 1 – 1. januar – 15. juli 2024
‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/ situasjonen, og monteringane vil stå i ca 1 månad. ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa på nettsida her.

Fase 2 – 15. august – 1. november 2025
Alle punktpresentasjonane vil finne stad på ein låve i Førde sentrum, og vil verte formidla digitalt.

Fase 3 – 1. januar -1. november 2025
‹Det som kjem etter det som var›

‹ALT MITT › på ein låve #4

Eit tidsmøte mellom ein utprøvingstekstil frå 1990 og eit arvestoff (krigskrisestoff?) frå ca 1950. Tidsmøte finn stad i 2024, og den grove utprøvingstekstilen får vere bærestykket til tidsmøtet. Foto: Audgunn