Norske Kunsthåndverkere har sidan 1975 hatt årlege juryerte utstillingar av norsk kunsthandverk. I 2012 blei det innført eit nytt materialbasert konsept, kalla Triennale, der berre eit fagområde vert presentert kvart år. Dette året er det tekstil som materiale som er i fokus. Utstillinga er juryert i to omgangar av fire kunsthandverkarar og to inviterte jurymedlemar.
‹Figur til trøst›, som er med på denne utstillinga, er blitt til i en prosess der blomsterrankane (mønsteret) i eit ullteppe vart klypt ut… Rommet mellom blomsterrankane vart sydd saman og eg prøvde å forme dei til «gode og milde figurar». Så vart det fleire figurar til trøst i vår moderne tid – utan meir djupare meining…