Dette er del av eit prosjekt som eg har arbeidd ein del med og særleg retta mot utsmykking. Eg har laga både kvadratiske veggputer og andre former (sirkel). Som utsmykking er det tenkt som lydabsorberande objekt i rom/på vegg. Kvar pute er sett saman av ei trefiberplate som er vattert og trekt med eit undertrekk. Overtrekket er ulljersey og er påført flytande farge. Fargestoffet er deretter manipulert i tørkeprosessen. I tillegg har eg tilført broderi (plattsaum) som underbygger uttrykket som har danna seg i overflata. Kvar plate er montert på gipsvegg med stiftar som er limt inn i gipsen..
Teknikk, materiale: Trefiberplate, vattert og trekt med farga ulljersey.
Mål: à 35×35 cm x 12 og 5 puter