Nymontering av ‹Mine striper› og tilhøyrande prøvetrykk (i omdanna form), 1993 -2024

2024_altmitt_altiførde_IMG_6479 kopi
Montering i utstillingsmonter i handelshuset Alti Førde. Foto: Grete Huus

Første mars vart den andre punktpresentasjonen montert i ein monter i handelshuset Alti Førde som del av prosjektet ‹Alt mitt2024. Å presentere arbeida mine i eit handelshus er ein måte å blande kulturar på. Også i biletmaterialet der reflekser frå omgjevnadane inngår og forklarar situasjonen. ‹Mine striper› var første gang vist på separatutstillinga mi i Kunstnerforbundet i 1993.

‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på utvalde verk eg har skapt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag. Dei vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø og på ulike stadar i Førde i løpet av 2024 og/eller som digitale presentasjonar via heimesida mi. Fysiske monteringar i Førde vil stå 14 dagar til 1 månad. 

Takk for praktisk og fagleg hjelp:
Grete Huus, utd.kunstkurator v/KHiB (no KMD).

Takk også til Atle!

Sjå meir

ARKIV