Dette rekonstruerte mønsteret er konstruert utifrå to smale striper (maljeklut/maljestykke) funne på ein opplut frå Jølster. Dette stoffet vert i dag brukt til maljestykke på eksakt den rekonstruerte folkedrakta. Når ein har berre eit utsnitt av et større stoff er det eit lite puslespel før ein finn ut korleis stoffet har vore. Dette arbeidet gjorde eg for nokre år sidan (1997-98) og i samband med at eg no har trykt opp nytt ‹opplag› ville eg dokumentere arbeidet og legge det til i dokumentasjon av oppdrag. Stoffet er trykt på bomullslerret. Ein har lite informasjon om originalen, som er i Sunnfjord Museum si samling. Takk til Bunadsnemda ved Sunnfjord Ungdomslag; Aud Sunde, Ann Lundekvam og Bodil Myklebust.