Montering av ‹Dialog 2› 2024, ei nymontering av ‹Dialog› frå Vevringutstillinga 2009.

2024_skaparhuset_dialog2_240x117cm_veggputer
‹Dialog 2›, 2024, ca 240x120, brukte t-skjorter, tekstiltrykk, svulmepasta, samansaum, trekt rundt ei vattert trefiberplate. Foto: Atle Holsen

Eg vandrar vidare i Førde, denne gongen til ‹randsona› av sentrum. Plassen ligg ytst på Øyrane (Øyrane 12), og er inngangshallen til ‹Skaparhuset›, Fagskulen Vestland/Campus Verftet og Sunnfjordparken/Verftet pub. Ope i opningstidene til leigetakarar i bygget.

Her er det ein oransje vegg som eg ikke trudde eg skulle kunne bruke, men etter kvart vart eg fortruleg med denne ganske røffe veggen i eit  inngangsparti med tidvis stor ‹trafikk› av folk i alle aldrar. I ein kasse fann eg fram verket ‹Dialog› som eg no såg kunne ha aktuelle kvalitetar i nett dette miljøet.  Slik vart det til at den oransje veggen og desse ‹veggputene› enda opp i eit godt samspel; – like ‹ufine› begge to…

Også ved denne punktpresentasjonen fekk eg fagleg og praktisk hjelp av Grete Huus

Litt meir bilete frå monteringsprosess

ARKIV