‹Bruresjal› 1998, remontert i 2024 i Sunnfjord Hotell, Førde

2024_bruresjal_sunnfjordhotell_IMG_1975 kopi
‹Bruresjal› 1998, remontert i gang/trapperom i Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, ulike storleikar i silkegeorgette og tekstiltrykk/-maling, montert med treramme. Foto: Atle Holsen .

‹BRURESJAL›; snart jonsok…
I 1998 var nokre ‹BRURESJAL› med på Norske Kunsthåndverkere si Årsutstilling 1998. Utstillinga vart dette året arrangert i Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim. No er bruresjala monterte på nytt i korridor/trapperom ved ‹Sunnfjordsalen› i Scandic Sunnfjord Hotel & Spa som del av prosjektet ‹Alt mitt›.

‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/situasjonen, og monteringane vil stå i ca 1 månad. ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa på denne nettsida.

Meir informasjon kjem her

ARKIV