‹På kryss og tvers›, 1994, nymontering no på Frydenbø Bil (tidlegare Berge & Co)

IMG_7783 kopi
‹På kryss og tvers› 1994-2024, ca 266x147 cm, silketrykk og tekstilmaling på baskerlin, applikasjon og saum, montert med metallstang.

På kryss og tvers i Førde med tekstilen ‹På kryss og tvers›, fyrste gong vist i Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane og på utstillinga ‹40-50-60› i 1994. Eg (40),  Astrid Wittersø (50) og Astrid Myklebust (60) stilte ut saman då fylkesgalleriet var i Rødekorsbygget. No i 2024 er ein av dei tekstilane eg stilte ut  der restaurert og montert på ny i bilforretninga FRYDENBØ BIL (tidlegare Berge & Co), Kronborg. Dette er 4. punktpresentasjonen som inngår i prosjektet ‹ALT MITT›. På denne måten kjem eg i kontakt med folk som er i ein annan arbeidssituasjon enn i kunst- og kulturinstitusjonar. Det set eg stor pris på!

‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/situasjonen, og monteringane vil stå i ca 1 månad. ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa her på www.audgunn.no. 

Meir foto

ARKIV