Dette er eit resultat av ryddeprosessen ved å gå gjennom lageret mitt av både utprøvingar og ferdige verk. Tekstilen som her fungerer som bærestykke er frå utprøvingar til eit utsmykkingsoppdrag eg hadde i 1990 ved Psykiatrisk Klinikk, Førde. Bærestykket er ein grov og kraftig tekstil, og om eg kunne finne ein passande tekstil saman med dette kunne eg skape eit nytt verk. Valet fall på eit ‹arvestoff› eg hadde tatt vare på, og slik vart tekstilen ‹Bærestykke/tidsmøte› til; tidsmøte mellom mitt prøvetrykk frå 1990 og arvestoffet truleg frå ca 1950 og skapt i 2024.