‹Neslerotprosjektet› i utstillingsmonteren ved Førdehuset

IMG_8097 kopi
‹Neslerotprosjektet› 2012-24, detalj, tankeprosessmontering i utstillingsmonteren ved Førdehuset med mål 145x104x49 cm, neslerøter og temaelement.

‹NESLEROTPROSJEKTET›, 2012-24, har pågått over tid fram til i dag; neslerøter som er vaska, skrapa, forma, spjelka, limt, hekla, vevd m.m. I denne samanhengen har eg kombinert prosjektet med element  frå separatutstillinga i Kunstsenteret i Førdehuset i 2005, bilete frå familiealbum og anna biletmateriale. Dette er den femte presentasjonen som inngår i kunstprosjektet ‹Alt mitt›.

‹ALT MITT› er eit kunstprosjekt med tilbakeskodande blikk på kunstnarskapet mitt som tekstilkunstnar frå ca 1990 og fram til i dag; både utprøvingar og ferdige verk. Noko av dette materialet vil dukke opp som fysiske punktpresentasjonar i ulike miljø i Førde. Val av verk vert bestemt med bakgrunn i den aktuelle plassen/situasjonen, og monteringane vil stå i ca 1 månad. ‹Alt mitt›-prosjektet blir fortløpande dokumentert og utdjupa på www.audgunn.no

Fysiske bilete i monteringa: bestemor Alida på sykurs (1920), far Arnljot i sagbruket sitt (1965) og som felemakarelev på Norsk Kunsthandverkskule på Voss (1950), mor Einy og systrer og syskenbarn med tidsrette og truleg eigenproduserte kjolar (1945), og detalj frå ein grov del av ei neslerot (2024).

Meir foto kjem her

ARKIV